Amnesty: Meir bruk av dødsstraff i verda

I 2023 blei 31 prosent fleire menneske avretta enn i 2022.

Amnesty er ein organisasjon som arbeider for menneskerettar. På onsdag kom dei med ein rapport om bruken av dødsstraff i verda.

I 2023 blei minst 1153 personar avretta i verda. Det er det høgste talet sidan 2015. Landa med flest avrettingar var Kina, Iran, Saudi-Arabia, Somalia og USA.

I Iran blei 843 menneske avretta.

– Dette er nok dessverre dei iranske myndigheitenes politikk. Det er slik dei reagerer på uro, på demonstrasjonar og på det dei oppfattar som eit opprør frå folket, seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International i Noreg, ifølge NRK.

Truleg er talet på avrettingar i verda endå høgare. Men ikkje alle land vil seie kor mange menneske dei avrettar.

– Kinesarane behandlar dei tala som statshemmelegheiter, og vi veit dei er veldig høge. Sannsynligvis er dei høgare enn dei 1153 som vi kjenner til, seier Egenæs.