Ti land har allereie nemnt dyr i grunnlova si. No meiner Noah at det er på høg tid at det også skjer i Noreg, skriv NTB.
Nyleg føreslo Miljøpartiet Dei Grøne å sikre dyr sin eigenverdi i ein ny paragraf (del) i grunnlova. Forslaget seier at dyr skal bli vurdert som sansande individ med eigenskapar, evner og rettar.
Grunnlovsendringa krev to tredels fleirtal i Stortinget – altså må 113 av 169 representantar stemme for forslaget.