Jens Stoltenberg takka for seg etter 10 år som Nato-sjef

Den tidlegare norske statsministeren Jens Stoltenberg har vore øvste sjef i Nato i ti år. I går heldt han avskjedstale der han oppsummerte åra som leiar for forsvarsalliansen.

NATO
  • Nato er ein organisasjon der 32 land i Europa og Nord-Amerika samarbeider om felles forsvar av land og styresett.
  • Forsvaret er land sine væpna styrker, det som ofte blir kalla militæret.
  • Om eitt av landa i Nato blir angripe, blir det rekna som eit angrep på alle landa.
  • Noreg er medlem i Nato.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

I 2014 blei Jens Stoltenberg spurt om å ta over jobben som generalsekretær – øvste leiar – i Nato.

Han takka ja og sidan den gong har han møtt mange utfordringar i jobben sin. Under avskjedstalen Stoltenberg heldt i Brussel i går, ramsa han opp døme som Krigen i Ukraina, koronapandemien og klimaendringar, skriv NRK.

Han sa at han er stolt over å ha leia Nato gjennom det siste tiåret.

Stoltenberg sin siste offisielle dag som Nato-leiar er 1. oktober. Kva han skal jobbe med etter dette er uvisst.