Den store NATO-øvinga starta i dag

I 2014 sa Noreg at vi kunne vera vertskap for militærøvinga der 50.000 soldatar frå 31 nasjonar deltek.

Kva er NATO?
  • North Atlantic Treaty Organization (NATO) er ein militærallianse av 29 land i Europa og Nord-Amerika.
  • Jens Stoltenberg er generalsekretær i NATO.
  • Det nordatlantiske råd, som er organisasjonens øvste politiske myndigheit, møtes kvar veke.
  • Kjernen i NATO er Atlanterhavspaktens artikkel 5, som slår fast at eit angrep på eit medlemsland er eit angrep på heile alliansen.
LES FAKTALUKK FAKTA

Eit av måla med øvinga er at alle landa som er med i NATO skal få øve på å forsvare Noreg om det skulle bli naudsynt i framtida. Den store øvinga har fått namnet Trident Juncture.

Tryggleik

NATO er som ein stor klubb der alle landa som er med i klubben har lova å stille opp for kvarandre om det skulle bli krig. Dette er for at vi skal kjenne oss trygge.

Pressetalsmann i Forsvaret, oberstløytnant Vegard Finberg, seier til NRK at Noreg er avhengig av NATO.

– Difor er det viktig at styrkar frå allierte land kjem til oss for å øve og trene.

Tidlegare statsminister, Jens Stoltenberg, er generalsekretær i NATO, og Noreg har vore med i alliansen sidan byrjinga i 1949.

Kor skal alle soldatane bu?

35.000 av soldatane skal bu i ulike militære leirar. Resten skal bu på eigne fartøy på havet.

Kven skal krige mot kven under Trident Juncture?

Striden er planlagt på førehand. Soldatane vert delt i to grupper som skal kjempe mot kvarandre. «Krigen» blir avslutta 7. november.

Kvifor er mange imot øvinga?

Mange meiner at idéen om å skape fred og forsoning med militær makt er fullstendig feil. Enkelte har reagert på at NATO og Forsvaret gjer krig til show. I fleire norske byar har det vore demonstrasjoner mot Trident Juncture. Mellom anna i Trondheim.