Alt du treng å vita om NATO

Kva betyr det at Noreg er med i NATO? Og kvifor blandar ikkje NATO seg i krigen mellom Russland og Ukraina? Her får du svar på alt du lurar på om NATO-alliansen.

NATO er som ein stor organisasjon og avtale der dei 30 landa som er med har lova å stille opp for kvarandre dersom det skulle bli krig.

Dette er for at alle som bur i landa, uavhengig av kor store landa er, skal kjenna seg trygge. Bokstavane NATO står for North Atlantic Treaty Organization.

Tidlegare statsminister i Noreg, Jens Stoltenberg, er generalsekretær i NATO. Han er leiar i det nordatlantiske råd som styrer organisasjonen. Dei har møte kvar veke.

Stiller opp for kvarandre

Kjernen i NATO er Atlanterhavspaktens artikkel 5, som slår fast at eit angrep på eit medlemsland er eit angrep på heile alliansen. Det betyr at alle NATO-landa vil stilla opp dersom det er eit land som bestemmer seg for å gå til krig mot eit av medlemslanda.

FLAGG: NATO sitt flagg har eit marineblått felt med eit kvitt kompasroseemblem. Ut frå dette strålar det fire kvite strekar. Det vart godkjent av Det nordatlantiske rådet den 14. oktober 1953. Foto: Pixabay

NATO vart danna i Washington D.C. 4. april 1949 av tolv vestlege land. Alliansen vart danna fordi dei vestlege landa frykta at Sovjetunionen skulle får endå større makt i Europa.

Sovjetunionen, ofte feilaktig kalla Russland, var ei tidlegare samling av statar som dekte den nordlege delen av Asia og den austlegaste delen av Europa. Statane hadde til dels eige styre, slik at dei hadde eigne regjeringar og ulike lovar og reglar. Men, dei var samla under eit felles hovudstyre. Slik som USA og Tyskland er i dag.

Russland og Ukraina var ein del av denne unionen, som heitte Sovjetunionen. Då den kalde krigen enda i 1991, vart unionen oppløyst. Dermed vart dagens Russland og Ukraina to sjølvstendige statar.

I tillegg meiner Vladimir Putin at dei to landa av historiske årsaker høyrer saman. Han meiner Ukraina ikkje må få eit betre forhold til vestlege land, fordi Russland ser på NATO og Vesten som fiendar.

LES MEIR: Halvparten av barna i Ukraina er på flukt

Ukraina og Russland

Den siste tida har det vore mykje snakk om NATO ettersom at Russland gjekk til krig mot Ukraina. Verken Russland eller Ukraina er medlemmar i NATO.

Ukraina har hatt lyst til å ha eit godt forhold til Vest-Europa, og har ønskja eit samarbeid med EU. Dette likar presidenten i Russland, Vladimir Putin, dårleg.

Putin ønskjer at Russland skal få den same makta i verda som Sovjetunionen hadde, og ønskjer å ha makt over dei tidlegare sovjetrepublikkane. Estland, Latvia og Lithauen er tidlegare sovjetrepublikkar som no både er med i EU og NATO. Putin vil ikkje at Ukraina også skal bli medlem i NATO.

Vil ikkje inn i krigen

Viss NATO-styrkar involverer seg direkte i krigen Russland har starta no, kan det bli ein større krig direkte mellom atommaktene Russland og NATO. Russland har det største lageret av atomvåpen i verda. NATO-landa USA, Storbritannia og Frankrike har òg ein stor mengde atomvåpen som til saman kan utsletta alt liv på jorda.

Derfor vil ikkje NATO setja inn militære styrkar.

LES OGSÅ: Ukraina treng hjelp

LES MEIR: Kva skjer i Russland og Ukraina?

Desse landa er med i NATO:

  • Albania
  • Belgia
  • Bulgaria
  • Canada
  • Danmark
  • Den tsjekkiske republikk
  • Estland
  • Frankrike
  • Hellas
  • Island
  • Italia
  • Kroatia
  • Latvia
  • Litauen
  • Luxembourg
  • Montenegro
  • Nederland
  • Nord-Makedonia
  • Noreg
  • Polen
  • Portugal
  • Romania
  • Slovakia
  • Slovenia
  • Spania
  • Storbritannia
  • Tyrkia
  • Tyskland
  • Ungarn
  • USA

(Kjelder: Wikipedia, Store norske leksikon)