Slik feirar diktaturet i Nord-Korea 76 år

9. september er Nord-Korea sin nasjonaldag. Feiringa markerer datoen då landet sitt styre blei grunnlagt.

Nord-Korea
  • Eit land som ligg på den koreanske halvøya, og har kyst mot Stillehavet
  • Landet er litt mindre enn ein tredel av Noreg i storleik
  • Det bur 26,1 millionar menneske i landet
  • Republikk (har ikkje konge eller dronning)
  • Posisjonen som statsleiar i landet går i arv
  • Eitt av dei fattigaste landa i verda
  • Menneskerettssituasjonen er dårleg
  • Innbyggjarane har ikkje fridom mellom anna når det gjeld religion og politikk
  • Innbyggjarar kan bli forfølgde på bakgrunn av mellom anna rase og kjønn
  • Det er dødsstraff for å flykta ut av landet

Kjelder: Vesle Norske Leksikon og FN.

LES FAKTALUKK FAKTA

Allereie dagen før, den 8. september, starta ei svær feiring av 76-årsjubileet i Nord-Korea. Då var det kveldsgalla i hovudstaden Pyongyang.

Kveldsgallaen bestod av framsyningar med song og dans, mellom anna framført av skuleelevar.

Tre generasjonar leiarar

På sjølve nasjonaldagen, i dag 9. september, var innbyggjarane kommandert ut for å heidra leiinga i landet. Dette gjorde dei mellom anna ved å leggja ned blomar framfor dei enorme statuane av dei to tidlegare leiarane i landet. Dette er far og bestefar til den noverande leiaren Kim Jong-un.

BLOMENEDLEGGING: Innbyggjarar og soldatar framfor statuane av dei to tidlegare leiarane i Nord-Korea. Foto: Cha Song Ho / AP Photo / NTB

Nord-Korea er eit diktatur som blei grunnlagt i etterkant av andre verdskrig – 9. september 1948. Eit diktatur er det motsette av demokrati og vil seia at éin eller berre nokre få personar har all makta i landet.

Koreakrigen

Før 1948 var Nord- og Sør-Korea eitt land. Med eit ønske om at dei to landa skulle foreinast på nytt, gjekk Nord-Korea til angrep på Sør-Korea i 1950.

Dette resulterte i Koreakrigen som vara til 1953. Han førte til at 200 millionar menneske mista livet og landa fortsette å vera skilde. Les meir om Korea-krigen her!

LEIAR: Kim Jong-un, den øvste leiaren i Nord-Korea. Foto: Korean Central News Agency / Korea News Service via AP / NTB

Nord-Korea har etter krigen halde fram med å ha eit fiendtleg forhold til Sør-Korea og den viktige støttespelaren deira USA. Nord-Korea er i dag eitt verdas mest lukka land.