Britisk symjar er årets yngste utøvar i paralympiske leikar

13 år gamle Iona Winnifrith er den yngste deltakaren som konkurrerer i årets paralympiske leikar i Paris. Den britiske symjaren blei europameister tidlegare i år og har no konkurrert mot utøvarar frå heile verda.

Paralympiske leikar
  • Namnet på OL for parautøvarar
  • Parautøvarar er utøvarar som har rørslehemming eller synshemming
  • Blir arrangert både vinter og sommar på same stad som OL
  • Årets paralympiske sommarleikar er i Paris og varar frå 28. august til 8. september

Kjelde: Vesle Norske Leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

5. september konkurrerte Iona i 100 meter brystsymjing der ho vann olympisk sølv

Det var 31. august at 13-åringen debuterte i Dei paralympiske leikane. Då konkurrerte ho i 200 meter individuell medley der ho kom på ein sjuande plass.

200 meter individuell medley er ei distanse der utøvaren sym med ulike symjestilar. Stilane er butterfly, rygg-, bryst- og frisymjing.

100 METER: Her var Iona klar for å konkurrera i 100 meter brystsymjing der ho enda med å vinna sylv. Foto: ParalympicsGB / David Pearce

Iona sette europeisk rekord i 100 meter brystsvømming under EM tidlegare i år.

7. september skal 13-åringen konkurrera i 50 meter butterfly.