I Florida kan enkelte bøker bli forbodne på skulebiblioteka

Forlaga meiner at lova, som kom i fjor, strir mot retten til frie ytringar.

Store bokforlag har bestemt seg for å gå til rettssak mot den amerikanske delstaten Florida på grunn av ei ny lov som gjer at skulebibliotek kan fjerne visse bøker, skriv NRK.

Foreldra kan klage på bøker

Den nye lova i Florida gjev foreldre moglegheita til å klage på bøker som dei meiner inneheld skildringar av seksuell åtferd, slik at desse bøkene ikkje skal kjøpast inn til skulane. Det har ført til at bøker av forfattarar som Maya Angelou og Ernest Hemingway har blitt tatt bort frå skulehyllene.

Ein rapport frå organisasjonen Pen America fortel at heile 3135 bøker har blitt fjerna i Florida mellom juli 2021 og desember 2023. Florida sine styresmakter seier at dei ikkje har forbode bøker, men at materiale med mykje seksualitet ikkje passar i skulen.