Kraftig tyfon har råka Japan

Ein tyfon i Japan har torsdag ført til store skadar og at fleire menneske har mista livet.

Tyfon

Ein tyfon er ein vêrtype der vinden er på over 33 meter per sekund. For at det skal kunna kallast ein tyfon må stormen oppstå i vestlege Stillehavet.

Kjelde: snl.no.

LES FAKTALUKK FAKTA

Myndigheitene i Japan har åtvara om at stormen kunne bli den sterkaste som nokon gong har råka den sørvestlege delen av Japan, skriv NRK.

No har tyfonen som har fått namnet Shanshan treft land. Det har ført til at tre menneske har mista livet, mange er skadde og 250 000 er straumlause.

Tyfonen er kategorisert som sterk, med vindkast på opp mot 60 meter i sekundet. Det blir òg venta svært mykje regn. 

Fleire millionar japanarar er no bede om å evakuera.