Organdonasjon
- Folk kan registrere seg som organdonorar – om det då skjer noko med personen som gjer at han ikkje kan overleve og forholda elles ligg til rette, veit sjukehuset at organa kan bli gitt til nokon som treng det.
- Rekordmange har registrert seg som organdonorar etter at det blei kjent at Kronprinsesse Mette-Marit treng nye lunger.
I 8 år har Kronprinsesse Mette-Marit vore open om at ho har lungefibrose. Dette er ein kronisk sjukdom, noko som vil seie at ho aldri kan bli frisk frå han.
Det som skjer når nokon har lungefibrose, er at er at delar av lungene blir stivare og får små arr inni seg. Då blir det vanskelegare for lungene å ta inn luft, altså vanskelegare for personen å puste.
Folk som har lungefibrose hostar gjerne ein del og blir fort slitne. Etter kvart kan ein trenge ekstra oksygen.
På venteliste
Kronprinsesse Mette-Marit får ekstra oksygen gjennom ei nasegrime – ein slange som fører oksygen inn i nasen. Samstundes er sjukdommen hennar no så alvorleg at ho ikkje vil overleve i veldig mange år, sjølv med ekstra oksygen. Derfor er kronprinsessa sett opp på venteliste for lungetransplantasjon.
Lungetransplantasjon vil seie at ho skal fjerne sine eigne, sjuke lunger og få sett inn nye frå ein organdonor.
Organdonasjon
Organdonasjon er at eit friskt organ blir gitt frå éin person, til ein pasient som har ein livstrugande sjukdom. Ei nyre og delar av levra kan ein gi frå seg medan ein er i live – hjarter og lunger blir berre donert frå døde personar.
Sidan lunger berre blir donert frå døde personar, veit ikkje kronprinsessa når ho kan få nye lunger. I tillegg til at ho står i ein kø der fleire er framfor ho, kan ikkje kronprinsessa få lunger frå kven som helst – det må vere ein person som har ganske lik størrelse på brystkassa som ho.
Om operasjonen går fint når det blir hennar tur til å få nye lunger, vil Kronprinsesse Mette-Marit truleg kunne leve i mange fleire år enn med dei gamle lungene.

Foto: Lise Åserud / NTB






















