McDonald’s fjernar kunstig intelligens etter komiske feil

Talebestillingsløysinga har strevd med å gi kundane det dei bestiller.

I over 100 McDonald’s-restaurantar i USA har amerikanarar kunna bruke kunstig intelligens når dei bestiller via drive-through.

Men talebestillingsløysinga har strevd med å forstå stemmene til dei som bestiller mat, skriv BBC.

Ei dame ville ha karamelliskrem, men fekk fleire pakkar smør. Ein annan kunde fekk chicken nuggets for hundrevis av dollar. Og ein person fekk iskrem toppa med bacon.

No fjernar McDonald’s talegjenkjenninga innan slutten av juli. Likevel er restaurantkjeden sikker på at kunstig intelligens vil vere ein del av McDonald’s i framtida.

– Vi vil halde fram med å evaluere langsiktige løysingar som vil hjelpe oss med å ta informerte avgjerder om ei framtidig talebestillingsløysing innan sluttan av året, sa McDonald’s i ein uttale, ifølge BBC.