Mina meiner mat smaker betre på tur

Særleg taco er godt når maten skal etast i naturen.

Mina Floriana Read (8) har vore på fleire ekspedisjonar saman med far sin, Alexander Read. Dei er kjente som «Mina og meg» og har vist fram tureventyra sine på Instagram og Facebook, skrive bok og laga tv-seriar. Framtida Junior tok kontakt med Mina for å høyre kva tips ho har til mat å ete ute i sommar.

– Kva er det beste du veit å ete når du er på tur?
– Det er taco. Det er det aller beste eg veit!
– Smaker mat annleis når du er på tur enn når du er heime?
– Mat smaker betre på tur. Fordi det berre smaker betre.
– Er det noko mat som ikkje går an å ete på tur?
– Eg trur du kan ete det meste på tur.

FISKAR: Mina fiskar ofte når ho er på tur. Foto: Alexander Read

– Kva er ditt beste matminne frå ein tur du har vore på?
– Eg drar på masse turar i Nordmarka med familien. Ofte fiskar vi. Eg hugsar godt ein av dei gongane då vi laga lappar på bålet og isfiska.
– Kva gler du deg til å ete ute no i sommar?
– Eg gler meg til å ete pizza. Vi lagar sånne små som vi kan steike i steikepanna på primusen.
– Kva kan andre barn gjere viss dei har lyst til å ete meir ute i naturen?
– Dei kan dra meir ut på tur saman med familien sin.
– Har du ei oppskrift du har lyst til å dele med lesarane?
– Då vil eg anbefale tacolefse med ost og skinke. Først tar du smør på lefsa, så fordeler du ost og skinke utover på lefsa og bretter lefsa saman. Så steiker du lefsa på begge sider til osten har smelta. Enkelt og godt. Nam!

MINA OG MEG: Mina har vore på mange turar med far sin, Alexander Read. Foto: Michael Schult Ulriksen