Foreslår kortare sommarferie for svenske elevar

I Sverige kan det bli meir lesetrening om sommaren.

Finansministeren i Sverige, Elisabeth Svantesson, ønsker å sjå på korleis Sverige kan bli meir produktivt. Ho har derfor samla ei gruppe personar som skal komme med forslag til korleis dei skal gjere det.

Eit av forslaga frå gruppa, er å gjere sommarferien i Sverige kortare. Det skriv Utdanningsnytt.

Den endelege rapporten frå gruppa kjem i oktober 2025.