Spekkhoggar kom seg fri frå lagune

Den to og eit halvt år gamle spekkhoggaren klarte endeleg å svømme fri.

I slutten av mars blei ein spekkhoggarunge og mora hennar fanga i ein lagune ved Vancouver Island i Canada. Ein lagune er ei bukt som er nesten avstengd frå havet, og vatnet kan vere litt grunnare. Det var derfor vanskeleg for spekkhoggarane å finne vegen ut igjen til havet. Mora døydde, og det har sidan vore fleire forsøk på å redde ungen.

I fleire veker har rundt 50 redningsarbeidarar prøvd å hjelpe spekkhoggaren, men utan suksess. Metodane som blei prøvd, var mellom anna å spele av lydfiler av familiemedlemmene hennar og å slå på metallrøyr, skriv The Guardian.

Fredag 26. april klarte ho endeleg å svømme ut frå lagunen. I timane før hadde redningsarbeidarane gitt ho selkjøtt for å leie ho til å svømme mot ope hav.

Spekkhoggarungen har fått namnet kʷiisaḥiʔis, som betyr Modig Liten Jeger på eit lokalt språk.