Russisk politi slo til mot «My Little Pony»-arrangement

Politiet i Moskva vart kalla inn for å etterforsket ei messe vigd til «My Little Pony» etter mistanke om «LHBTQ-propaganda».

Sjølv om «My Little Pony»-serien er laga for barn, og fokuserer på magien ved vennskap, har «My Little Pony» også tidlegare skapt bekymring i Russland, skriv NRK.

Den russiske filmdatabasen Kinopoisk sette aldersgrensa på serien til «18+» i desember i fjor.

Populær ponny

My Little Pony kom på marknaden som Earth Ponies i 1982 og fekk tilhøyrande klede utover på 1980-talet. Til å byrja med var ponnien berre å finna med samla bein og i fullvoksen ponnivariant. Seinare har det komme babyponniar og oppreiste og sitjande variantar.

My Little Pony har også vorte marknadsført gjennom fire teiknefilmseriar for fjernsyn, kinofilmane My Little Pony: The Movie (1986) og My Little Pony: The Movie (2017) og fleire andre salsvarer med utgangspunkt i figurane, ifølgje Wikipedia.

Det var NTB som fyrst omtala saka i Noreg.

GIF: Giphy.com