Vart arrestert for dottera si Ukraina-teikning

Ein russisk mann har blitt dømt til to års fengsel.

Åleinefaren Alexei Moskalyov vart dømt for å øydeleggja det russiske militæret sitt rykte på sosiale medium, skriv VG.

I Russland er det ulovleg å offentleg kritisera invasjonen av Ukraina. Det er heller ikkje lov å kalla den ein invasjon.

Russisk politi vart gjort merksame på Moskalyov etter dottera hans, Maria Moskalyova (13) laga teikningar på skulen som ikkje var positive til invasjonen.

Teikninga viser rakettar med russisk flagg som flyg mot ei kvinne og eit barn som står ved eit ukrainsk flagg.

Meldt til politiet av læraren

Læraren til Maria varsla politiet, som utløyste ei etterforsking. I etterforskinga gjekk politiet gjennom dei sosiale media til Alexei, der dei fann kritiske kommentarar om invasjonen som vart lagt ut like etter invasjonen starta.

Som straff har Maria blitt sendt til eit senter for rehabilitering, der ho vil få opplæring i kva meiningar det er lov å ha og korleis russiske barn kan oppføra seg. Russiske myndigheiter har sagt at dei vil senda ho til ein barneheim.

Les meir: Eit år med krig i Ukraina

Les også: Ukrainske Dima (8) får gå på skulen igjen