PST etterforskar droneaktivitet i Noreg

Politiet har gripe fleire russiske statsborgarar som har flydd drone i Noreg.

Russarar har ikkje lov til å fly med fly eller drone i Noreg. Den nye regelen vart innført etter at Russland invaderte Ukraina.

Den siste tida har fleire russarar blitt pågripne av politiet for å fly med drone i Noreg. Fire av dei har blitt lauslatne.

Politiets tryggingsteneste (PST) har no fått ansvar for å etterforske slik droneaktivitet. Dei trur noko av målet kan vere spionasje og å skape frykt.

Statsminister Jonas Gahr Støre seier at ein framleis ikkje kan slå fast kven som står bak.

– Dette er no under etterforsking og vi må respektere at det arbeidet gjerast, sa statsministeren onsdag førre veke.

Den russiske ambassadøren til Noreg seier det er diskriminering mot russarar.

– Styresmaktene kan ikkje bruke desse reglane for å mistenke alle russarar for å vere spionar. Dette er hysteri.

Fleire flyplassar har måtta stenge den siste veka på grunn av at folk meiner dei har sett dronar. Det er ikkje klart enno kven som står bak dette.