Statsminister Jonas Gahr Støre meiner Vladimir Putin spreier falske nyhende

Noregs statsminister meiner at Russlands president forfalska historia då han tala måndag denne veka.

Russlands president heldt måndag ein tale under markeringa av den russiske seiersdagen for andre verdskrigen. I talen hevda han mellom anna at NATO hadde planar om å angripa Krim-halvøya før Russland gjekk til angrep på Ukraina i februar.

Putin lagar si eiga historie

– Talen følgjer eit mønster frå president Putin om ganske systematisk historieomskriving. I dette tilfellet var det òg ganske klare døme på forfalsking, seier Støre til NTB.

– Historia om eit planlagt NATO-angrep på Krim fell på sin eigen urimelighet, og grunngivinga hans for krigføringa er ikkje sannferdig, seier Støre til nyhendebyrået.

Putin vil med andre ord få det til å høyrast ut som om at han gjekk til krig mot Ukraina fordi NATO allereie var på veg til å angripa Krim-halvøya.