Denne kjem du garantert i julestemning av

Sjå den gamle klassikaren. Snømannen er ein fin teiknefilm på alle språk! Det er nemleg berre vakker musikk, og ingen som snakkar.

The Snowman, Snømannen, er ein britisk teiknefilm frå 1982. Filmen handlar om ein snømann som blir levande. Handlinga skjer i romjula, der guten i filmen får oppleve ei julenatt heilt utanom det vanlege.