Nepal forbyr TikTok på grunn av usømeleg materiale

Regjeringa i Nepal har nyleg innført nye lover for internasjonale sosiale medium.

Regjeringa i Nepal annonserte måndag at dei vil forby det sosiale mediet TikTok med det same.

Utanriksministeren i landet meiner at det sosiale mediet forstyrrar «den sosiale harmonien» og bidreg til ein flaum av usømeleg materiale, melder nettstaden Quartz.

Regjeringa har nyleg innført nye lover for internasjonale sosiale medium-selskap og ba TikTok få kontor i landet, betala skatt og følgja lover og reguleringar.

Nabolandet India forbydde TikTok alt i 2020, medan den amerikanske delstaten Montana gjorde det tidlegare i år.

ByteDance, som er det kinesiske selskapet bak TikTok, har ikkje svart internasjonale medium på kritikken.