«Kass og Tycho»-forfattaren syntest verdsrommet var skummelt

Forfattar Christopher Pahle har vore interessert i verdsrommet sidan han var 6 år gamal.

Kass og Tycho-serien
  • Kass og Tycho-serien er ein spenningsserie for barn skrive av Christopher Pahle.
  • Serien følgjer tvillingane Kass og Tycho på farlege oppdrag gjennom universet.
  • Den fjerde boka og siste boka, Herskeren av underverset, kom i 2023.
LES FAKTALUKK FAKTA

Eg hadde høyrt at universet var uendeleg, og det skremte vatnet av meg, forklarar Christopher Pahle (41).

Han er science fiction-forfattar og har vore interessert i verdsrommet sidan han var rundt 6 år gamal. Denne interessa arva han frå faren sin, saman med ein stjernekikkert.

Halleys komet

Noko av det aller første han kan hugse er at då han var 4 år gamal og Halleys komet passerte Jorda.

Halleys komet brukar 76 år på ein runde rundt solsystemet, og kjem tilbake igjen til våre trakter i 2062. Då vil eg vera 80 år gamal. Det er ganske rart å tenka på, og verdsrommet er veldig flink til å sette sånt i perspektiv, tykkjer Christopher.

Vanskeleg å forstå

Forfattaren har skrive bokserien om tvillingane Kass og Tycho, som ramlar over eit romskip som tek dei mange hunde lysår ut i verdsrommet. I fire bøker kjempar borna mot krefter som trugar galaksen vår. 

Han har lært mykje av verdsrommet av å lesa og skriva om det.

– Jo meir eg lærer, jo meir skjønar eg kor lite eg veit. Så det viktigaste eg har lært er kanskje kor lite me eigentleg forstår om korleis universet fungerer, forklarar Christopher.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here