Ava (9): – Dei gamle tinga var veldig kule! 

Framtida Junior fekk vera med på museumsbesøk på Sunnhordland museum saman med 4. trinn ved Hystad skule. 

Det var ingen tvil om at det var mange overraska andlet som lyste opp då elevane kom inn i utstillinga som viser fram ein del av samlinga til forfattar Einar Økland. Han har samla på gamle trykksaker i 40 år. Trykksaker er alle former for trykte tekstar og bilete som er masseprodusert. At dei er masseprodusert betyr at dei er trykt opp i mange eksemplar. I utstillinga fekk elevane sjå mange fargerike leiker frå dei siste hundre åra.

LEIK: Johanne Øvstebø Tvedten, formidlingsleiar ved museet, fortel klassen frå Hystad skule om korleis barn leika på 60-talet. Foto: Janne Nerheim

Ava Ruback Øvrevik (9) og Cecilia Berland (9) var to av elevane som sperra opp augo då dei fekk sjå seg rundt.

– Dei gamle tinga var veldig kule! Alt hadde mange fargar, og det var veldig fint. Eg har sett nokre liknande gamle leiker heime hos morfar. Det var leiker mamma hadde då ho var lita, fortel Ava.

Kule fargar

Cecilia Berland (9) synest også at fargane var imponerande.

– Dei var veldig fine og annleis enn dei leikene eg har heime. Eg forventa ikkje så mange kule og fine ting! Det som var her på museet ser mykje eldre ut, og eg trur me måtte nok vore veldig forsiktige viss me skulle leika med det no. Nye leiker toler å bli herja med. Det var gøy å sjå korleis dei hadde det i gamle dagar, seier ho.

SAMLING: – Det meste i utstillinga er frå samlinga til forfattaren Einar Økland, men me har lagt til litt, fortel Charlotte Tvedte som er publikumsansvarleg ved Sunnhordland museum. Foto: Janne Nerheim

Cecilia har leika med gamle ting før.

– Eg har sett gamle leiker hos besteforeldra mine på Tysse, og då eg besøkte oldemor på Stad, fortel ho.

Gamle leiker

I utstillinga finn ein både glansbilete, samlekort, malebøker, kort- og brettspel, bokomslag og anna småtrykk. Alt blei masseprodusert frå tidleg 1900-talet og framover.

– Det meste i utstillinga er frå samlinga til forfattaren Einar Økland, men me har lagt til litt, fortel Charlotte Tvedte som er publikumsansvarleg ved Sunnhordland museum.

Samla skattar

Barn blei ei ny kundegruppe då dei etter kvart fekk meir fritid som dei fylte med for eksempel malebøker og brett- og kortspel.

– Dei som kjem inn hit blir ofte overraska over kor fargerike dei gamle trykksakene og leikene er, fortel Charlotte.

Foto: Janne Nerheim
SKATTAR: Små bilete og forteljingar for barn blei putta inn i tobakksesker eller vekeblad for kvinner. Og barna samla skattar i esker og i permar. Foto: Janne Nerheim
Foto: Janne Nerheim
Foto: Janne Nerheim
Foto: Janne Nerheim
Foto: Janne Nerheim