Nobelprisvinnaren: – Eg byrja å skriva då eg var 12 år

For første gong på 95 år får ein norsk forfattar Nobels litteraturpris.

Jon Fosse frå Strandebarm har skrive både barnebøker, dikt, skodespel og romanar for vaksne. Torsdag fekk han beskjed om at han får verdas viktigaste bokpris.

Berre tre andre norske forfattarar har fått denne prisen før han: Bjørnstjerne Bjørnson (1903), Knut Hamsun (1920) og Sigrid Unset (1928).

I eit intervju med NRK fortel Fosse at han byrja å skriva som 12-åring. Då han var 24 år kom han med si første bok: Raudt, svart.

Blant barnebøkene hans er Kant, Vått og svart, Nei å nei og Du å du.

Første nynorskforfattar

Det er første gong ein forfattar som skriv nynorsk finn nobelprisen i litteratur.

– Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen, seier Jon Fosse i ei pressemelding frå Samlaget.