Sidan 1960-talet har det vore forbode å bokse på Zanzibar. Presidenten som bestemte det, meinte at «slåsting berre var for dyr», skriv BBC.
Men det har ikkje vore forbode å bokse i Tanzania. Tanzania og Zanzibar blei eitt land i 1964.
I 2021 blei det gjennomført ei undersøking der 60 prosent av befolkninga på Zanzibar ønskte at boksing skulle bli lovleg att. På søndag blir det lov å ta på seg boksehanskane. Ein av dei som BBC intervjuar, seier at dette er gode nyheiter for unge folk som ønsker å bli profesjonelle boksarar.
Den første kampen vil skje på Mao Tse Tung stadion no på søndag og blir direktesendt på tv.