Fjernar tomatar frå indiske burgarmenyar

Burger King og McDonald's fjernar tomatar frå menyen i India.

Grunnen er dei stigande prisane, ifølge CNN.

Denne sommaren har India opplevd både mykje regn og hetebølger. Det er derfor færre tomatar å få tak i. CNN skriv at prisen på tomatar har stige med meir enn 400 prosent dei siste månadane.

Det er ikkje klart kor lenge indiske hamburgarar blir serverte utan den raude frukta, men Burger King skriv på heimesida si at tomatar kjem tilbake på menyen snart.