Leksehjelp i skulen

Leksehjelp skulle jamna ut skilnadane i skulen, men forskar Elisabeth Rønningen meiner det ikkje fungerer. 

Lekser

Lekser kjem frå tida då elevane berre hadde undervisning eit par gongar i månaden. Dei var så lite på skulen fordi lærarane måtte reisa frå grend til grend, og det ofte tok lang tid til dei kom tilbake til den same grendeskulen. Då var det viktig at elevane jobba på eiga hand med det dei skulle læra seg.

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Målet med leksehjelp var å gje elevar litt ekstra hjelp til å meistra skulekvardagen gjennom å ha tilgang på nokon som kan hjelpa med leksene. 

Elisabeth Rønningen er forskar på universitetet NTNU, ho jobbar med å forstå korleis skulen fungerer, kva som er bra og korleis den kan bli betre. Ho meiner tanken bak leksehjelp er god, men at ordninga ikkje brukast godt nok. 

– Målet var å jamne ut sosiale skilnadar, at dei elevane som ikkje kan få hjelp heime framleis kan meistra leksene, meiner ho.

Forsking frå Udir viser at mykje lekser utan god oppfølging bidreg til å auka skilnadane i samfunnet. Det kjem fram i rapporten at elevar frå familiar med dårleg råd ikkje lærer like mykje av lekser som dei frå familiar med betre råd. Den utfordringa skulle leksehjelp løysa.

Gjerast veldig ulikt

Det er kommunen ein bur i som er ansvarleg for å leksehjelptilbodet, Rønningen fortel at krava kommunane må fylla opp er veldig uklåre.

– Det er litt forvirrande, det er ei plikt for kommunane å tilby leksehjelp, men elevane har ikkje rett på eit tilbod, fortel ho.

Leksehjelp tek mange former avhengig av kva kommune ein bur i og kva skule ein går på. På nokre skular kan elevane få hjelp av læraren sin til leksene, andre skular tilset vikarar og assistentar for å gje elevane hjelp.

– Leksehjelp blir gjennomført veldig forskjellig frå kommune til kommune, det ligg ofte veldig lite pengar i budsjettet til leksehjelp, så det er heilt tilfeldig om elevane får hjelp av ein lærar eller ein vikar, fortel forskaren.

Sidan tilbodet er så ulikt frå skule til skule meiner Rønningen at fokuset bør flyttast. Ho meiner lekser tek frå elevane tid til å leika og kvila. Ho vil heller satsa på leksefri skulen framfor ulike leksehjelptilbod.

Denne artikkelen er ein del av artikkelserien Unge stemmer som er støtta av Fritt Ord.