Budde på hotell i 603 netter utan å betale

Ankush Dutta sjekka først ut av det femstjerners hotellet etter nesten to år.

Ifølge The Guardian seier lokale media at indisk politi etterforskar den mistenkte bedragaren.

Ankush Dutta sjekka inn på det femstjerners hotellet Roseate House i Delhi 30. mai 2019. Han sjekka ikkje ut før 22. januar 2021, utan å betale rekninga på 70 000 dollar, som er om lag 750 000 norske kroner.

Fleire av dei som jobbar ved Roseate House er mistenkte for å ha mottatt pengar frå mannen for å endre datasystema til hotellet.