Vil du prøva deg som Anna eller Elsa i Frost?

Det Norske Teatret ser etter jenter mellom 8 og 12 år til teateroppsettinga av Frost.

I delar av filmen er Elsa og Anna ungar, slik blir det også i førestillinga. No ser produksjonen etter jenter frå 8 til 12 som vil prøva seg på musikalscenen.

I ei pressemelding skriv Det Norske Teatret at alle som vil, kan senda inn ein auditionvideo. I videoen ber dei deg om å synga to gongar. Du kan lesa meir om auditionprosessen her.

Frist for å senda inn søknad er søndag 23. april.