16. mars feirar me kvenfolkets dag. I dag feirar kvenane kampen dei har kjempa for fridomen sin.
Kristine Jonas er leiar i Kvenungdommen, ungdomsorganisasjonen som jobbar for å gjera Kvenfolket meir synleg. Ho er oppteken av å fremja stoltheit blant norske kvenar.

– Det er alt for mange av oss som har levd i stille og fått beskjed om at me ikkje skal utøva kulturen vår eller snakka språket vårt. No vil me ta tilbake kulturen igjen og bygga opp kulturell sjølvtillit, fortel Jonas.
I mange år fekk ikkje kvenane lov til å snakka sitt eige språk, mange vart straffa for det. På grunn av det er språket blitt mindre og mindre utbreitt.

Laga samlingsplass
For å løfta opp kvensk kultur har Kvenungdommen laga samlingsplassar for dei som vil læra meir.
– Me vil tilby trygge møteplassar for å møtast og snakka for dei som treng det, seier leiaren.
– Du treng ikkje vera kvensk for å nå ut til oss, me set stor pris på alle som vil læra meir om kulturen vår.