Dei fann òg restar av ein heilagdom i eit gammalt tempel, skriv Framtida.no.

Arkeologane trur statuen kan ha tilhøyrt keisaren Claudius. Dei fortel at statuen ser ut som at den smiler.
Keisar Claudius var med på å utvida Roma sitt styre til Nord-Afrika mellom år 41 og 54 etter Kristus.
Forskarane skal undersøka steinplata vidare for å sjå om dei kan finne meir informasjon om kvar statuen kjem frå.
Statuen dei fann er mykje mindre enn den kjende 20 meter høge sfinksen som ligg i pyramidekomplekset ved Giza, fortel departementet vidare.

Les meir: Fann 2,9 millionar år gamle reiskapar
Les også: Kvinneleg «vampyr» funnen – gravlagd med sigd rundt halsen