Arkeologar fann 8000 froskebein frå jernalderen

Forskarar klør seg i hovudet over froskefunn i England.

Denne saka var først publisert hjå Framtida.no. Der kan du også lesa om Eva B. Ragde, som jobbar som krimteknikar.


I England skulle arkeologar nyleg grave ut ei busetnad frå jernalderen. Utgravinga var ein del av eit prosjekt for å betre vegen mellom Cambridge og Huntingdon, i nærleiken av landsbyen Bar Hill.

Her fann dei 8000 bein frå minst 350 daude amfibierifølgje Forsking.no. Skjeletta blei funne i ei 14 meter lang grøft og var i hovudsak frå vanleg frosk og padde. Dei fann også restar etter den meir sjeldne damfrosken.

Arkeologane klødde seg i hovudet: Kva i alle dagar har skjedd med desse froskane?

Mange teoriar om kva som kan ha skjedd

Først lurte dei på om froskane kunne ha blitt ete av menneske. Likevel var det ikkje teikn til kutt eller brennemerke på beina. Dei kan ha blitt kokt, men arkeologane som jobba med beina seier at dei trur dette er usansyneleg, skriv The Guardian.

GIF: giphy.com

Forskarar har sett på mange teoriar om kva som har skjedd. Dei veit enno ikkje om froskane døydde på same tid. Kanskje budde det berre veldig mange froskar i dette området?

Menneska på denne plassen i jernalderen hadde avlingar. Desse avlingane kan ha tiltrekt seg biller og bladlus. Svoltne froskar kan då ha blitt tiltrekt at insekta.

Ein frosketragedie?

Ei anna forklaring kan vere at froskane blei ramma av ein tragedie. I paringssesongen flyttar froskane seg i store grupper, og leiter etter passande vassdammar. Då kan ei stor gruppe froskar ha ramla ned i ei grøft og blitt sittande fast.

Francesca Bologna ved Museum of London Archeology seier til Forskning.no at dei har undersøkt froskane. Om froskane skulle ha blitt sittande fast i grøfta under paringssesongen, ville det berre ha vore vaksne forskar der. Arkeologane fann froskar i ulik alder – både unge og vaksne. Derfor trur ho at froskane har døydd på grunn av oksygenmangel i dammen på vinteren.