Kvinneleg «vampyr» funnen – gravlagd med sigd rundt halsen

Skjelettet av ei ung kvinne er funne i Polen. Rundt eine tåa hadde ho ein hengelås, rundt halsen ein sigd.

I landsbyen Pień i Polen har forskarar nyleg funne eit kvinneleg skjelett som var gravlagd slik at ho aldri skulle kunne stå opp frå grava.

På hennar venstre storetå hadde ho ein trekanta hengelås, og ein sigd rundt halsen heldt ho til bakken.

– Sigden var ikkje lagt flat, men plassert på halsen slik at dersom den avdøde hadde prøvd å reise seg, ville hovudet truleg verte kappa av eller skada, fortel arkeologiprofessor Dariusz Poliński frå Nicolaus Copernicus University til The Daily Mail, som først omtalte saka. Han har leia forskarlaget som har drive utgravingane.

Ho er ikkje den einaste som er funnen gravlagd med antivampyr-tiltak i den polske landsbyen.

Foto: Andrzej Romański/Nicolaus Copernicus University