Skrivekonkurranse: Skriv eit dikt

Har du lyst til å prøva deg som poet? Bli med på diktkonkurransen til Framtida Junior og vinn fine premiar!

Framtida Junior vil markera verdsdagen for dikt ved å visa fram dikt skrivne av lesarane våre.

Du kan velja å skriva om eitt av fire tema:

1. Håp: Mange synst at verda er ganske skummel om dagane. Kanskje du kan gje oss litt håp for at alt blir betre.

2. Kjærleik: Kven er du glad i? Kvifor er kjærleik viktig for deg?

3. Venskap: Kva er det beste med å ha vener? Kva gjer de saman? Korleis føler du deg når du er med venene dine?

4. Hobbyen din: Kva er det beste du veit å gjera? Kanskje du likar å teikna eller spela fotball? Skriv eit dikt om kvifor du er så glad i fritidsaktiviteten din.

Krav:

– Diktet må vera på under 100 ord

– Diktet må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar

Frist: 17. mars 2023

Vinn fine premiar

Dei beste dikta blir publiserte i Framtida Junior. Me vel òg ut ein vinnar som får eit abonnement på papiravisa Framtida Junior og ei t-skjorte. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar og Framtida Junior-t-skjorte.

Tips

Vel eit spennande tema: Det er lurt å velja noko som du er interessert i, eller som du har mykje å seia om. Då blir det lettare å skriva.

Tenk nøye på orda du bruker: Når ein skriv dikt kan ein leika seg litt med språk. Hugs at eit dikt kan rima, men det må ikkje. Om du vil at diktet ditt skal rima kan du bruka ei rimordbok.

Les diktet høgt: Dikt har ofte rytme, sånn som songar. For å sjekka om diktet ditt har rytme kan det vera lurt å lesa diktet høgt, kanskje for nokon andre.

Innsending

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Diktkonkurranse » i emnefeltet. Hugs å skriva namnet ditt, alder og kva skule du går på.