I kveld kan du sjå nordlys i Sør-Noreg

Meteorologane oppmodar folk til å kle godt på seg og å komma seg ut i kveld.

Vêrforholda sør i Noreg blir perfekte for å sjå nordlys i kveld, fortel meteorologane på Twitter.

Nordlys dukkar opp når solvind kræsjar med jorda sitt magnetfelt. Dette skjer ganske ofte, men er som regel berre synleg langt nord, når solvinden er sterk og himmelen er skyfri.

Jo meir magnetfeltet blir forstyrra, jo større er sjansen for å sjå nordlys i himmelen.

Desse forstyrringane blir måla i KP-indeksen som går frå lågast forstyrring på Kp 1 til høgast forstyrring på Kp 9. I kveld er store delar av Sør-Noreg på Kp 7.

Har du nokon gong sett nordlys?

Har du nokon gong sett nordlys?

Ja55
Nei33
Svar totalt: 88

LES OGSÅ: Derfor er nordlyset grønt