Derfor er nordlyset grønt

Nordlys er eit vakkert lysfenomen på himmelen, som ofte er grønt.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Men kvifor er det slik? Kvifor er det ikkje i hovudsak heller raudt eller lilla?

Det som bestemmer korleis farge nordlyset har, er dei ulike gassane som finst i atmosfæren. Når nordlyset oppstår, kolliderer desse gassane med partiklar som kjem frå sola, skriv nordlysvarsel.com. 

Kva gassar det er snakk om, kor mykje det finst av den, og kor høgt oppe i atmosfæren denne krasjen skjer, er det som bestemmer fargen til nordlyset.

Korleis skjer det?

Grøn er den vanlegaste fargen på nordlyset.

Det grøne lyset oppstår når partiklane frå sola kolliderer med mykje oksygen. Det blir grønt lys når denne krasjen skjer mellom 95 og 241 kilometer oppe i atmosfæren.

Kan ha andre fargar

Men du visste kanskje at nordlyset også kan ha andre fargar enn grønt? Det blir raudt nordlys når partiklane frå sola krasjar med oksygen høgare enn 241 kilometer opp i atmosfæren. Dette er svært sjeldan.

Blått og lilla lys er også eit sjeldan fenomen. Desse fargane viser seg i nordlyset når det er mykje aktivitet frå sola, og skjer når partiklane frå sola krasjar med nitrogen 95 kilometer eller under i atmosfæren.

Det er også mogleg å sjå ein kombinasjon av alle desse fargane, eller fargar som kvit, lilla og rosa.