Putin i tale: – Ukraina starta krigen

Eit år etter krigen starta har den russiske presidenten omsider kalla krigen ein krig. Men, han legg skulda for krigen på Ukraina og vesten.

Under ein tale til det russiske folket hevdar Vladimir Putin at det er vesten som starta krigen, sjølv om det var Russland som angreip Ukraina.

Presidenten meiner Russland har jobba hardt med å finne ei fredeleg løysing på krigen, skriv Klar Tale.

– Dei starta krigen, me brukte makt for å stoppe den, meiner Putin i talen sin.

Jake Sullivan frå den amerikanske regjeringa kallar Putin sine påstandar «absurde».

– Det er ingen som angrip Russland. Det er absurd at Russland påstår at dei var under ei form for militær trussel frå Ukraina eller andre, seier Sullivan ifølgje NRK.

Kallar det ein krig for fyrste gong

Til no har den russiske presidenten berre omtala krigen som ein militæroperasjon. I denne talen kalla han krigen for fyrste gong.

Les også: Åtvarar mot å bruka kulde som våpen i Ukraina