Åtvarar mot å bruka kulde som våpen i Ukraina

Russland har dei siste vekene bomba mange kraftstasjonar i Ukraina, og mange byar har vore utan straum og varme i lengre periodar.

Om vinteren kan det bli svært kaldt i Ukraina. Den norske utanriksministeren Anniken Huitfeldt åtvarar Russland mot å bruka kulde som våpen i krigen.

– Det er ein desperat situasjon me no er vitne til. Mange her står overfor eit dystert val; å flykta eller å frysa, seier ho i ei pressemelding.

Manglar lys og varme

Etter massiv bombing sist veke, var 70 prosent av befolkninga i Kyiv utan straum. Nokre område, inkludert store delar av Donetsk- og Luhansk-regionen, vil i verste fall mangla varme heile vinteren, ifølgje ukrainske styresmakter. Så langt er det likevel få teikn som tyder på at ukrainarane er i ferd med å mista motet og motstandsviljen av den grunn.

– Nei, snarare tvert imot. Det er sterkt å oppleva motstandskrafta og viljen til ukrainarane til å vinna krigen, kosta kva det kosta vil. Dette trass i dei enorme lidingane det ukrainske folket har vore gjennom, og den påkjenninga ein slik krig er på heile det ukrainske samfunnet, seier Huitfeldt.

Snøen er kome til Kyiv, hovudstaden i Ukraina. Foto: NTB / AP Photo/Bernat Armangue

Enorme behov

Ifølgje FN har nesten 18 millionar menneske – 40 prosent av den ukrainske befolkninga – behov for humanitær bistand. Nesten åtte millionar ukrainarar har flykta frå heimlandet. Samtidig har over 6,5 millionar blitt nøydde til å flykta frå ein stad til ein annan stad i Ukraina. Dette er ein brutal konflikt retta mot dei mest sårbare.

– Det er derfor norsk støtte har vore og framleis er så viktig. Og derfor skal me halda fram med å støtta Ukraina i tida som kjem. Noreg står på sida til den ukrainske befolkninga. Me har levert og held fram med å levera store mengder humanitær bistand, seier Huitfeldt.

Norsk gass-støtte

Med seg til Kyiv har utanriksministeren den nyleg signerte avtalen om norsk støtte på to milliardar kroner til gasskjøp for å hjelpa Ukraina gjennom vinteren. I tillegg kjem ein milliard kroner som no går til å reparera straumforsyning og annan viktig infrastruktur.

– Ukraina har vist ei stor evne til å halda oppe drift og reparera øydelagde anlegg, men dei treng støtte både til å sikra energiforsyning og løpande reparasjonar. Støtte til kraftforsyninga har høg prioritet. Utan elektrisitet står folk her utan tilgang til helsetenester og sjukehus, med dei alvorlege konsekvensane det får, seier Huitfeldt.