Skrivekonkurranse: Skriv om framtida!

Bli med på skrivekonkurransen til Framtida Junior og Foreningen !les og vinn fine premiar!

Skriv ein tekst eller lag ein teikneserie om korleis du ser for deg heimplassen din i år 2050. Kva trur du vil forandra seg frå korleis heimplassen din er i dag?

Du kan velja å skriva eller teikna om eitt av fire tema:

1. Natur og klima: Korleis trur du naturen og klimaet vil endra seg? Kva håpar du kan skje? Kven meiner du har ansvaret for det?

2. Transport: Korleis vil skuleelevar koma seg til skulen i framtida? Kva transportmiddel vil vi bruke i det daglege – og når vi skal på ferie?

3. Arbeid: Kva nye yrke vil vi trenge i framtida? Kva trur du folk vil jobba med på heimplassen din i framtida?

4. Skule: Korleis trur du skulen vil vera i framtida? Kva er det viktig at elevane lærar i framtida? Og kvifor er det viktig?

Krav:

– Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
– Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar.

Frist: 15. mars 2023

Vinn fine premiar

Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Vi plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og abonnement på papiravisa Framtida junior i to månader og bokpakke frå Foreningen !les. Den beste klassen med flest gode tekstar og teikneseriar får 1000 kroner i premie.

Tips

1. Her finn du tips til å skriva lesarbrev!

2. Les tips til korleis du lagar teikneseriar!

3. Lag dine eigne teikneseriar!

4. Her får du tips til å laga teikneseriar frå Dunce-sjefen!

5. Og på Nynorsksenteret sine nettsider kan du læra å laga teikneseriar av fleire kjende teikneserieskaparar!

Innsending

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com og ole@foreningenles.no. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Skrivekonkurranse 2023» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.

Konkurransen er eit samarbeid mellom Framtida Junior og leseaksjonen Tid for ti i regi av Foreningen !les og Nynorsksenteret. På tidforti.no kan du lese utdrag frå fleire gode bøker.