Tips til deg som vil laga teikneserie

Teikneserieskapar Fredrik Rysjedal deler sine beste tips til deg som vil laga din eigen teikneserie.

  • Skaff deg ein blyant og papir. Mange tenkjer at det må vera så komplisert – men det treng det ikkje! Ikkje la mangel på utstyr hindra deg. Berre sett i gang.
  • Ikkje lag så lang historie i byrjinga. Lag gjerne små episodar. Det er ei felle å byrja på eit stort verk som aldri blir ferdig. Det er kjekt å bli ferdig slik at du kan visa det fram.
  • Det er lurt å laga ein teikneserie om noko du har opplevd. Du tenkjer kanskje at du har eit keisamt liv, men absolutt alle har noko spennande å visa fram. Tenk – kva har du opplevd som kan vera interessant for andre?
  • Skriv tekst fyrst, og så teiknar du snakkebobla rundt teksten etterpå.
  • Hugs at snakkeboblene må koma i den rekkefølgen lesaren les i.
  • Du kan skanna teikneserien og legga den ut på internett, eller du kan kopiera den på ein kopimaskin og dele ut til vener og familie.

LES MEIR: Lagar digital teikneserie om «Plastikkbarna»