FAKTA OM ELIJA
- Namn: Elijah Eiley
- Alder: 10 år
- Bur i: Placencia, Belize
- Familie: Mamma Dulce, pappa Chino, bror John, 4 år, og søster Ocean, 15 år.
- Favorittmat: grilla fisk med ris och bønner.
- Favorittartist: Pop Smoke
- Favorittfag på skulen: engelsk
Det er formiddag og over 30 grader varmt i han vesle byen Placencia sør i Belize.
Elijah Eiley (10) har søkt skjul frå sola i ei hengekøye på verandaen til huset der han bur med familien sin nokre meter frå ei kvit sandstrand.
– Me går i skulen frå halv ni på morgonen til halv fire på ettermiddagen, seier han.
Nesten ingen lekser
Men elevane får nesten ingen lekser.
– Etter skulen pleier eg symja, fiska, slarka på stranda eller spela fotball med vennene mine, seier Elijah.
I sommarferien, som er frå juli til september, pleier han dra til mormora si nord i Belize.
– Det er gøy til å vera der, men eg trivst best i Placencia. Eg vil aldri flytta herifrå. Eg elskar å bu nær havet og skal bli hummarfiskar når eg blir stor, avsluttar Elijah.