Jury
Ein jury er ei gruppe menneske som skal vurdere og bestemme kva eller kven som er best, eller kva dei meiner, er rett. Juryen i Bokslukerprisen bestemmer kva bok som er best og dermed vinn.
Bokslukerprisen er ei årleg prisutdeling der elevar frå 5., 6. og 7. trinn kårar den beste av 10 barnebøker. Mange tusen elevar får lese utdrag frå desse ti barnebøkene og stemmer deretter fram fem superfinalistar.
Blant superfinalistane skal det kårast éin vinnar. Dette blir gjort av ein jury som består av ni klassar frå rundt om i landet.
Mellomtrinnet ved Lavik skule på vestlandet var ei av klassene som ville vere med i juryen.
Gøy å vere med og bestemme
– Det verka veldig gøy å kunne vere med å bestemme kven av bøkene som blei kåra til den beste. I tillegg fekk jurymedlemmane reise til Oslo for å vere med på prisutdelinga, seier sjuandeklassingen Britt-Astrid.
Lavik skule er ein ganske liten skule der 5.–7. trinn består av tolv elevar og fungerer som ei klasse. Dermed søkte elevane på heile mellomtrinnet om å få lov til å vere ei av ni klasser i årets jury.
– For å få bli med i juryen, måtte vi skrive ein søknad. Der skreiv vi om at vi hadde lyst til å vere med. Vi fekk hjelp av lærarane, forklarer sjetteklassingen Samuel Ángel.
Då barna på Lavik skule fekk gladnyheita om at dei var valt ut til å vere ein del av juryen, var det berre å sette i gang å lese dei fem superfinalist-bøkene.

Juryarbeid
Årets superfinalistar var:
- «Pappa og andre terroristar» av Ingvild Bjerkeland
- «Maskinlæraren» av Hanne Gjerde
- «Liket i myra» av Kristoffer Lamøy
- «Kode 6: ingen må vite kven du er» av Harald Nordtun
- «Verdas verste kjendis» av Marius Horn Molaug
Oppgåva til mellomtrinnet på Lavik skule, og dei andre juryklassane, var å lese alle fem bøkene og skrive bokmeldingar om dei. Det gjorde at elevane fekk lese bøker dei kanskje ikkje ville valt sjølve og kanskje fann ein overraskande, ny favoritt.
– Det var veldig gøy å lese, for da blei det variasjon skuletimane, fortel Britt Astrid.
Men det var ikkje berre i skuletimane elevane las. Eine superfinalisten, «Kode 6», las elevane medan dei overnatta på skulen.
– Vi hadde med oppblåsbare madrassar og dyner, laga taco og hadde gøymsle på skulen, seier Britt-Astrid.
– Og vi las nesten heile «Kode 6». Det var høgtlesing i grupper, fortel Samuel Ángel.

Rangerte bøkene

Då elevane hadde lese alle bøkene, skulle dei rangere dei frå første- til femteplass.
Elevane på Lavik skule sette «Verdens verste kjendis» på femteplass, «Maskinlæreren» på fjerdeplass og «Pappa og andre terroristar» på tredjeplass.
Britt-Astrid og Samuel Ángel kan fortelje at det var vanskeleg å kåre ein førsteplass, sidan dei likte to av bøkene så godt.
– «Liket i Myra» handla om mobbing og var eigentleg ganske ekkel. Det skjedde mange mystiske ting. Det var ei ganske skummel bok, men veldig spennande, fortel Britt Astrid.

– «Kode 6» handla om ein gut som ikkje hadde nokon vennar i klassa. Ingen kunne ta bilde av han og han hadde hemmeleg telefonnummer, og så viste det seg at han var noko som heitte Kode 6. Boka bygde seg opp mot slutten og blei ganske skummel, forklarer Samuel Ángel.
Elevane på Lavik skule enda med å plassere «Liket i Myra» på andreplass, medan «Kode 6» gjekk av med sigeren.
Kven som blei den endelege vinnaren av Bokslukerprisen, ville dei ikkje få vite før prisutdelinga i Oslo.
Samla inn pengar
Det var ikkje berre lesing elevane måtte bruke tida på før prisutdelinga. Dei måtte nemleg skaffe pengar til å betale flybillettar og hotellovernatting i Oslo.
– Vi laga kafé for eldretrimmen. Der selde vi kaffi, sveler, kaker, fruktsalat og smoothie, fortel Samuel Ángel.
– Vi sendte også mange søknader til bedrifter og spurte om dei kunne støtte oss med pengar, så vi fekk reise til Oslo, forklarer Britt-Astrid, og held fram:
– Vi kjem frå ein veldig liten plass og det er ikkje så mykje som skjer her. Å få reise til Oslo var ganske stort.
Elevane klarte å samle inn nok pengar og reiste til hovudstaden, både spente på å sjå seg om i storbyen og på å få vite kven vinnaren av Bokslukerprisen 2026 blei.

Bokbad
Saman med mellomtrinnet på Lavik skule, samla fleire hundre andre elevar seg for prisutdelinga. Men før vinnaren blei kåra skulle det nemleg vere bokbad av forfattarane som hadde skrive superfinalist-bøkene. Bokbad er samtale om ei bok med forfattaren.
Samuel Ángel og Britt-Astrid skulle ha bokbad med Harald Nordtun, forfattaren av «Kode 6».
– Det var veldig kult å ha bokbad, men vi var ganske nervøse då vi skulle opp på scena framfor alle dei andre. Det gikk heldigvis vekk når vi kom opp på scena og fekk sett oss, seier Britt-Astrid.
– Før bokbadet hadde vi laga 15 spørsmål som vi øvde på før vi reiste til Oslo. Vi hadde dei med oss spørsmåla opp på scena også, så vi hugsa dei, fortel Samuel Ángel.
Både Britt-Astrid og Samuel Ángel syntest det var veldig spennande å få intervjue forfattaren av boka dei hadde likt så godt.
– Det spørsmålet vi var mest spente på å få svar på var om det blir ein oppfølgjar til «Kode 6», sidan det vår så spennande ein slutt. Harald sa at det mest sannsynleg ikkje kom til å skje, men han fortalde om ei ny bok som høyrest veldig spennande ut, fortel Britt-Astrid.

Anbefaler andre å vere med
Etter at alle superfinalist-forfattarane var bokbada, var tida inne for at vinnaren av Boklsukerprisen 2026 skulle bli kåra. Det var «Liket i myra» som gjekk av med den endelege sigeren.
– Det var fortent, for det var ei veldig bra bok sjølv om vi hadde ho på andreplass, seier Samuel Ángel.
No vil Samuel Ángel og Britt-Astrid anbefale andre barn å vere jurymedlemmar for Bokslukerprisen.
– Det var veldig lærerikt og gøy, og vi fekk lese så mykje forskjellig, seier Britt-Astrid.























