Ein donor er ein person som gir sædceller eller egg for å hjelpa andre med å få barn.
I alt vart 3476 barn fødde etter det som blir kalla assistert befruktning. Det betyr at ein får medisinsk hjelp til å bli gravid.
– Det er det høgaste talet Helsedirektoratet har registrert så langt, seier spesialrådgivar Anne Forus i Helsedirektoratet til NRK.
I 2020 vart det lov å få fertilitetsbehandling med donorsæd i Noreg. Det betyr at ein kan få medisinsk hjelp til å bli gravid ved å bruka sædceller frå ein donor. Året etter vart det også lov med eggdonasjon, der ein donor gir bort egg for å hjelpa andre med å få barn.
– Dette gjer at fleire som tidlegare ikkje kunne få barn, no får høve til å realisera ønsket sitt, seier Forus.
Rapporten viser også at fleire einslege kvinner får barn ved hjelp av assistert befruktning. Likevel er det framleis vanlegast at par får hjelp til å få barn ved å bruka eigne sædceller og egg.





















