Anne er juledetektiv

Ho skal leite opp mottakarane til alle julegåvene som har kome vekk i løpet av desember.

– Eg får gjere ein veldig god ting. Kanskje kan eg redde jula for ein gut på 10 år som skal få ein pakke frå bestefar? seier Anne Lund Zimmermann på telefon til Framtida.no.

54-åringen er juledetektiv i Posten. Jobben hennar er å finne rett heim til alle julepakkane som manglar adresse eller rotar seg vekk i posten.

Allereie etter sin andre arbeidsdag, er Anne så engasjert i arbeidet at ho mister nattesøvnen. Tysdag fekk ho ikkje sove, fordi ho lurte så fælt på om dei hadde funne eigaren til ein pakke.

Anne meiner jobben som juledetektiv kan passe alle: – Du må vere litt utåtvend, blid og hyggeleg. Løysingsorientert, tolmodig og takle stress i periodar, men i utgangspunktet passar den til alle. Foto: Aleksander Hømanberg/Posten

Juledetektiv

Til vanleg arbeider Anne i kundeservice-avdelinga til Posten/Bring. Ho likar godt å løyse mysterium, og som juledetektiv etterforskar ho dagen lang.

I fjor var det kring 150 pakkar som hadde forvilla seg i Posten. 74 av desse gåvemysteria vart løyste, slik at dei kom til rett heim til jul.

Nokre hint har detektivane gjerne å arbeide frå. Pakkane har til/frå-lapp med namn på, og nokre gongar kan dei finne ut kor pakken vart posta.

Men der er éin streng regel juledetektivane må følgje:

– Vi kan aldri opne sjølve julegåva, fortel Anne.

For å sikre at det er rette person som får ei gåve under treet, så lyt ein svare på ei rekkje kontrollspørsmål.

På kontoret har juledetektivane sitt eige vesle julehjørne: – Når det nærmar seg jul, kan det vere eg har musikk på telefonen med lågt volum, slik at berre eg og kollegaen min høyrer utan å vere til bry for dei andre, fortel Anne. Her med detektivkollega Liss Nina Hansen. Foto: Aleksander Hømanberg/Posten

Tomt bord til jul

Om juledetektiven ikkje finn ut kven ei julegåve skal til, så dreg pakken til ei avdeling som heiter ubesørgeleg avdeling. Der hamnar alle pakkar og brev som Posten ikkje klarar levere.

– Der ligg dei i eitt år, og om ingen hentar dei, så vert dei donerte til ein velgjerdsorganisasjon. Det er også veldig hyggeleg, når ein trass alt ikkje finn eigaren.

Men Anne håpar alle pakkane kjem fram til julaftan:

– Mottoet vårt er at det skal vere tomt bord til jul.