Fleire fotballandslag har blitt nekta å bruke armbind til støtte for homofile i VM i Qatar. Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) slo hardt ned på One love-kampanjen som fleire europeiske land har gått saman om.
Dei 10 000 One love-armbinda på lager er no utseld.
Fifa har ikkje avklart nøyaktig kor omfattande konsekvensane blir for dei kapteinane som vel å bruke armbindet.
Dei skal blant anna ha truga den danske lagkapteinen med gult kort og utestenging frå neste VM-kamp, dersom han brukte armbindet.
No vil det tyske fotballforbundet (DFB) ta Fifa til retten over denne saka. Den internasjonale skilsdomsretten for sport ligg i Sveits, og er den høgaste domstolen innan idrett. Dei håpar at det vil utsette ein straff frå Fifa, slik at lagkapteinane kan gjennomføre kampanjen sin.
- Les også I klårtekst: Difor er VM i Qatar «Skamma sitt verdsmeisterskap»
