I klårtekst: Difor er Qatar-VM «skamma sitt verdsmeisterskap»

Landet der fotball-VM for herrar vert arrangert vert kritisert for å drive framandarbeidarar til døden og for sitt syn på homofile og kvinner.

Sundag 20. november vart verdsmeisterskapet i herrefotball sparka i gang. For aller første gong skal ein arabisk nasjon vere vertsland for turneringa – men verdsmeisterskapet er mektig omdiskutert og tildelinga heftig kritisert.

Fleire av landslaga som skal på bana demonstrerer stilt, storbyar nektar å vise kampane på storskjerm og fotballpubar har lagt ned boikott.

Mange meiner Qatar-VM er eit kroneksempel på sportsvasking. Med fotballfesten leier styresmaktene merksemda vekk frå menneskerettsbrota i landet, og skaffar seg ei prestisjetung rolle i sportsverda.

Her får du lesr om kvifor mange er sterkt kritiske til at det er nettopp Qatar som er vertsland.

Kvifor vart Qatar tildelt VM?

Qatar vann retten til å halde årets verdsmeisterskap allereie i 2010. Australia, USA, Sør-Korea og Japan var òg aktuelle vertsland-kandidatar. Men med 14 stemmer for og 8 stemmer mot, vart Qatar sigrande.

Etter tildelinga vart Qatar skulda for å ha «kjøpt» VM-et. Det vil seie at dei betalte Fifa-medlemmar for å stemme på dei. Både Fifa og Qatar nektar for dette.

Foto: AP Photo/Keystone/Walter Bieri, File

Pengar har uansett vore viktige for at Qatar fekk verdsmeisterskapet. Landet skal ha brukt nærare 200 millionar dollar på å påverke dei som bestemte kven som skulle få arrangere turneringa. Australia var nest mest villig til å opne lommeboka, og brukte til samanlikning 42,7 millionar dollar.


Kvifor møter verdsmeisterskapet kritikk?

Qatar-VM møter kritikk av fleire grunnar. Fremst: vilkåra framandarbeidarane har arbeidd under, og menneskerettssituasjonen i landet.

👨‍🔧 Vilkåra for arbeidarar – over 6500 døde framandarbeidarar

Qatar husar rundt 3 millionar menneske og no skulle landet bu seg på å ta imot heile 1,5 millionar fotballfans.

Difor starta styresmaktene eit svært byggjeprosjekt for å få på plass åtte nye stadion, ny flyplass, nye hotell, ny metro og tallaust med nye vegar. Det krev mykje arbeidskraft.

Foto: AP Photo/Hassan Ammar, File)

Framandarbeidarar kom frå fjern og nær for å utføre arbeidet, men arbeidskvardagen har vore langt frå god.

Ein rapport frå Amnesty International peika på åtte måtar framandarbeidarane vart utnytta på:

💵 Dyre rekrutteringsavgifter: Framandarbeidarane måtte betale mykje pengar til agentar i heimlandet sitt for å få jobb i Qatar. Mange sat att med høg gjeld.

🏚 Fryktelege buvilkår: Arbeidarane budde trongt, skitent og utrygt.

🔇 Lønsløgner: Agentar gav falske løfter om løna framandarbeidarane ville få, og kva jobb som venta. Når arbeidarar kom til Qatar og fekk lågare løn enn lova, så hjelpte det ikkje å klage.

💸 Forseinka løningar: Nokre gonger fekk ikkje arbeidarane utbetalt løn på fleire månadar. Det kunne ha store konsekvensar for arbeidarane, som ofte sende pengar heim til familien.

🛑 Ikkje løyve til å forlate stadionet: Nokre arbeidsgjevarar utelot å gje eller å fornye opphaldsløyvet til arbeidarane. Utan ID-korta risikerte framandarbeidarane bøter eller fengsel om dei ferdast fritt i Qatar.

🧳 Kunne ikkje forlate landet eller byte jobb: Arbeidsgjevarar konfiskerte passa til framandarbeidarane. Førespurnadar om å få forlate landet vart ofte ignorerte.

🗯 Trugslar: Om framandarbeidarane klaga på vilkåra, vart dei truga av arbeidsgjevarane.

🛠 Tvangsarbeid: Eitt av byråa som rekrutterte arbeidarar til å byggje Khalifa Stadium utsette arbeidarane for tvangsarbeid.

💔 Kor mange framandarbeidarar har døydd?

slutten av februar 2021, skreiv den britiske avisa The Guardian at meir enn 6500 framandarbeidarar frå India, Pakistan, Nepal, Bangladesh og Sri Lanka har døydd i Qatar mellom 2010–2020.

Avisa peikar på at det totale dødstalet er markant høgare, då tala ikkje inkluderer arbeidarar frå land som Filippinane og Kenya.

Styresmaktene i Qatar hevdar på si side at det berre er 37 dødsfall som er direkte knytte til bygging av VM-stadion i perioden 2010–2019. 34 av desse er registrert som ikkje-arbeidsrelaterte.

🤔 Har Qatar endra noko?

I oktober 2017 signerte styresmaktene i Qatar ei avtale med Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) om betring av arbeidsvilkåra for framandarbeidarar.

Sidan då har nokre endringar vorte gradvis innførte i landet.

Nokre av dei viktigaste endringane er:

  • Ei lov om arbeidstid, obligatoriske daglege pausar, ein dag fri i veka og betalt ferie.
  • Eit fond som skal sørge for at arbeidarar får løn oppretta. Lønstjuveri skal straffast med bot eller fengselsstraff.
  • Fjerne nokre av dei mest problematiske sidene ved kafala-systemet. Framandarbeidarar skulle få forlate landet utan å måtte innhente løyve frå arbeidsgjevar. Dei skulle òg kunne byte jobb utan løyve.
  • Minsteløn innført.

🤷‍♂️ Har endringane hjelpt?

Qatar har fått kritikk for å ikkje innføre endringane. Ein rapport frå Human Rights Watch frå 2020 synte at framandarbeidarar framleis risikerte å ikkje få løn, eller å få forseinka eller minska løn.

🏳️‍🌈 Menneskerettssituasjonen –  kvinneundertrykking og homofiliforbod

Qatar er eit monarki og vert rekna som eit ikkje-fritt land, der størsteparten av befolkninga manglar politiske rettar og rettar i sivilsamfunnet.

Kvinner i landet er underlagt mannlege verjer. Ofte er verja far, bror, bestefar eller onkel, fram til dei gifter seg og det vert ektemannen.

Kvinner treng godkjenning frå verja mellom anna for å få gifte seg, studere eller reise til i utlandet, arbeide i visse stillingar og for tilgang til visse typar reproduktiv helsehjelp.

Homofili er ulovleg i Qatar. Sex mellom menn kan verte straffa med bøter eller inntil sju år i fengsel.

Ein rapport frå Human Rights Watch i oktober synte at sikkerheitsstyrkar i Qatar framleis arresterer og mishandlar skeive. Styresmaktene i landet meiner rapporten inneheld falske skuldingar.

Illustrasjonfoto: Raphael Renter/Unsplash

Det har vore veldig usikkert om fotballfans får ha regnbogeflagg på tribunen, og om skeive turistar kjem til å vere trygge.

I november uttalte den qatarske VM-ambassadøren Khalid Salman at homofili var ei «psykisk liding».

Likevel, lovar Fifa at skeive fotballfans skal vere trygge.

Fotballspelear Josh Cavallo fortalde The Guardian i 2021 at han ikkje hadde kjent seg trygg på å reise til Qatar.

Er alt bra no når meisterskapet er i gang?

Kort sagt: Nei.

Trass i at Qatar på papiret har styrka rettane til framandarbeidarar, så er ikkje dette blitt godt nok. Homofili er framleis ulovleg, og mange kjenner seg ikkje trygge på å reise til landet, trass i lovnader om at dei ikkje vil vere i fare.

I oktober sende ei rekkje fotballforbund tre forslag til Fifa om korleis ein kan bøte på menneskerettsbrota i Qatar i samband med fotball-VM.

Forslaga er som følgjer:

  • Opprette eit mottakssenter for framandarbeidarar
  • Eit kompensasjonsfond for alle dei som har blitt offer for arbeidsulykker
  • Alle kapteinar kan bere kapteinsbind som markerer støtte til inkludering

Amnesty International og Human Rights Watch har teke til orde for at fondet bør samsvare med premiepotten i VM, på 440 millionar dollar.

Til no har Qatar nekta å opprette eit slikt fond, og meiner det er eit PR-stunt. Fifa-reglar gjer at fotballspelarar som går med regnbogefargar på kapteinsbindet får gult kort.


Kva seier Qatar?

VM-sjefen Nasser al-Khater insisterer på at skeive tilskodarar vere trygge i landet, trass i homofili-forbodet og utsegn som sår tvil.

Al-Khater meiner Qatar har vorte urettferdig behandla med all kritikken.

– Ingen har noko sinne lagt inn ein innsats for å sjå det objektivt, for å sjå kva dette landet har oppnådd dei siste sju, åtte åra, sa Al-Khater til Sky News i fjor.

Nasser al-Khater er Qatar sin VM-sjef. Foto: Vinod Divakaran, Doha Stadium Plus Qatar/Flickr/CC BY 2.0

 


Kva med Noreg i det heile?

Noreg er ikkje kvalifiserte til årets verdsmeisterskap, men medan kvalifiseringssjansen framleis eksisterte gjekk debatten om vi skulle boikotte meisterskapet. Sju av 16 klubbar i Eliteserien hadde vedtak om å stemme for boikott.

Spørsmålet vart avgjort på eit ekstraordinært møte i Fotballtinget i juni 2021. Då stemte dei nei til boikott, men at ein skulle kritisere Fifa.

Frå det norske landslaget si første markering mot Qatar-VM. På tskjortene står det skrive Human rights – on and off the pitch. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / BILDBYRÅN / POOL / NTB

Slik demonstrerer fotballmiljøet

Reaksjonane i førkant av Qatar-VM har vore mange, og både supporterar og landslag har demonstrert misnøye på ulike vis.

I Noreg svarar 1 av 5 i ei VG-undersøking at dei vil boikotte kampane. I ei undersøking hjå NRK svarar 1 av 2 at dei ikkje vil følgje verdsmeisterskapet.

I opptakta til årets avspark har fleire byar og fotballpubar annonsert at dei ikkje kjem til å syne kampane på storskjerm.

Draktendringar

Fleire av landslaga som skal spele i Qatar har òg endra draktene sine for å syne motstand mot korleis årets VM har vorte handtert.

Det danske herrelandslaget har fått nye heilsvarte drakter. Den svarte trøya er eit vandrande sørgebind, uttalte sponsoransvarlege i Hummel. Ho skal syne respekt til dei tusenvis av migrantarbeidarane som har mista livet og til dei etterlatne.

Slik ser drakta til Danmark ut. Foto: Skjermdump frå Instagram @hummelsport

USA har òg endra drakta si før dei reiste til QatarEmblemet på brystkassa har fått regnbogefargar for å vise støtte til skeive.

– Vi er ei gruppe som trur på inkludering og vi vil halde fram å løfte den beskjeden framover, seier landslagsmålvakt Sean Johnson til The Guardian.

Regnbogebind

Kapteinane frå åtte av landslaga som deltek hadde før VM annonsert at dei ville ha på seg eit OneLove-kapteinsband i kampane. Dette kapteinsbandet synte støtte til LHBTQI+.

Det nederlandske fotballforbundet lanserte kampanjen. Desse hadde i utgangspunktet slutte seg om han: Nederland, Frankrike, England, Belgia, Danmark, Tyskland, Sveits, Wales.

harry kane

Landslaga hevda dei var villige til å risikere bøter for demonstrasjonen, men då Fifa annonserte at dei ville straffe kapteinane med gult kort for kapteinsbindet droppa alle kampanjen.

Ifølgje NRK uttalar dei sju landslaga i ei felles utsegn:

– Vi beklagar djupt at det ikkje var mogeleg å kome til ei fornuftig løysing saman. Vi står for OneLove-bodskapen og vil framleis spreie han, men vår førsteprioritet i verdsmeisterskapet er å vinne kampane. Då vil du ikkje at kapteinen skal starte kampen med gult kort.