TIPS: Lag ditt eige budsjett

Du kan sjølv laga ditt eige vekebudsjett for å sjå kor lenge det er til du får råd til noko du sparer til.

Då plussar du saman inntekter frå vekepengar, flasker du pantar og andre ting du tener pengar på. Og så trekk du frå utgiftene frå det du trur du vil bruka pengar på i løpet av ei veke. Og så ser du kor mykje du går i pluss.

Til slutt kan du rekna ut kor mange veker det tar før du får råd til det du sparer til.