Sam (8) klatra opp berykta fjellvegg

Sam Baker er truleg den yngste nokosinne som har klatra til topps på fjellveggen El Capitan i USA.

Sam Baker (8) og faren Joe brukte fire dagar på å klatre opp den 900 meter høge fjellveggen.

Sjølve fjelltoppen ligg 2.307 meter over havet. Det er nesten like høgt som Noregs høgaste fjell, Galdhøpiggen (2.469 m.o.h.).

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Joe Baker (@wildlovestory)

Sam har trent til klatreturen i over 18 månader. Dei hadde med seg to guidar på turen. Sidan klatringa tok fleire dagar, var gruppa nøydd til å ha med seg mat, vatn og anna utstyr på veggen. Dei måtte også overnatte hundrevis av meter over bakken.


Les også: På ferie til Noregs tak

Over isen måtte Emil og Alva gå på rekke og rad, med tau som går frå person til person. Dersom ein fell ned i sprekken, vil vekta frå alle dei andre halda tauet fast, slik at ein lett kan komma seg opp igjen.