På ferie til Noregs tak

Gløym tivoli og badeland. På Galdhøpiggen får du både sug i magen og våte føtter. Syskena Emil (9) og Alva (7) blei med foreldra på fjelltur.

Tips til turen på Galdhøpiggen

TIPS TIL TUREN

  • Start om morgonen. Sjølv om turen ikkje tar veldig langt tid, er det fint å komma seg opp før dei store folkemassane kjem. Så slepp ein å gå i kø heile vegen.
  • Ha med varme og tørre klede. Sjølv om det er steikande varm sommar i låglandet, kan både vêret og temperaturen vera heilt annleis når ein kjem fleire tusen meter over havet. Og på toppen kan det skifta fort.
  • Ta med noko godt i sekken. Dersom motivasjonen er litt dalande, kan noko spennande i nistepakken vera nok til å få ny energi og full fart mot målet.

TUREN PASSAR FOR DEG SOM:

  • Liker å gå på fjellet.
  • Har lyst til å gå på ein isbre.
  • Synest det er kult å ha vore på Noregs høgaste topp.

TUREN PASSAR IKKJE FOR DEG SOM:

  • Aldri har vore på tur før.
  • Har veldig høgdeskrekk.
  • Lett blir lei av å gå på stein.
LES FAKTALUKK FAKTA

På ein god dag kan det vera rundt 1000 personar på toppen av Noregs høgaste fjell, Galdhøpiggen, som ligg 2469 meter over havet.

Styggbreen gir sug i magen

I utgangspunktet høyrest det ut som ein lang tur, men som dei fleste andre har me juksa litt. Før me byrja å gå, køyrde me nemleg 1800 meter oppover med bil, til Juvasshytta, sånn at det berre var litt over 600 meter igjen til toppen.

Det er fleire vegar til toppen, der ein ikkje treng breførar, men frå der vi startar ligg Styggbreen. Dei bratte og djupe sprekkene i breen kan gje eit godt sug i magen når ein går forbi – og er den viktigaste grunnen til at ein bør gå i taulag med ein kjend vegvisar.

(Teksta held fram)

Over isen måtte Emil og Alva gå på rekke og rad, med tau som går frå person til person. Dersom ein fell ned i sprekken, vil vekta frå alle dei andre halda tauet fast, slik at ein lett kan komma seg opp igjen.

Ungdom sat fast i sprekken

Utan skikkeleg sikring kan resultatet bli alt anna enn ei god ferieoppleving. Snølaget oppå breen kan gjera det vanskeleg å sjå kor sprekkene er, og gjennom historia er det fleire som har mista livet på veg over isbreen. Det er ikkje mange år sidan ein ungdom måtte reddast opp frå ein sprekk. Då hadde han sete fast i fleire timar i den kalde og skumle isen.

Må klare å gå 11 km til saman

Turleiar Linn Marie Skogan har ofte med seg både ungar og ungdom til fjells med Galdhøpiggen Kids. Medan enkelte av dei andre turselskapa har aldersgrense, lar ho foreldra vurdera sjølv om ungane er spreke nok til å gå heile turen.

– Det einaste kravet er at du må kunna klara å gå heile distansen på 5,5 km kvar veg sjølv, seier ho.

Sjølv om dei legg opp desse turane med låg fart og mange pausar, slik at alle skal klara å komma seg opp, hender det at nokon må snu før dei kjem fram.

– Dersom ein møter opp klar for tur og fort merkar at nokon faktisk ikkje er motiverte for turen, er det betre å returnera. Fjellet står der seinare og turgleda er større når gleda er til stades. Men det er ofte ikkje motivasjonen og forma hos borna det sviktar på. Mange foreldre har sjølv vanskar med det siste stykket til toppen, fortel Line Marie.

Stup på begge sidar

Etter isbreen startar nemleg den verkelege stigninga. På ein tynn kam av store steinar går stien bratt opp mot toppen av Galdhøpiggen. Det gjeld å sjå kor ein set føtene. Nokre steg for langt til den eine sida, så er du plutseleg på full fart nedover isbreen. På andre sida går stupet rett ned.

På toppen av Noregs tak kan syskena endeleg puste letta ut.

– Dette er den beste og den verste turen me har gått, seier Emil.

– Det aller kjekkaste var å gå over isbreen, men det var veldig skummelt å sjå ned i sprekkene, seier Alva.

Tips: For å enklare hugse kor høg Galdhøpiggen er, kan du tenkje på to-gangen. Byt ut siste talet i rekka med ni. 2-4-6-9