Wisting er eit oljefelt som ligg 30 mil nord for finnmarkskysten. Equinor har planlagt å produsere olje frå dette feltet i 30 år frå 2028.
Utgreiinga til Equinor viser at det er mogleg å tilpasse teknologien til å drive utvinning av olje i området. Greenpeace meiner det ikkje er godt nok. Dei påpeiker at Equinor berre har teke omsyn til om det skjer ei mindre oljeulukke.
I tillegg seier dei at Equinor ikkje har teke omsyn til dei globale klimakonsekvensane.
- Les også Barnas klimarapport 2022: – Få barn føler dei kan påverke politikarar
