Ylva Fagnastøl Bjørnen og Mikael Fryxelius frå Oslo er ein stad mellom Nøtterøy og Fredrikstad, to plassar langs Oslofjorden, då Framtida Junior ringer dei for å høyre om seglturen.
Saman med 24 andre barn og unge mellom 12 og 19 år har dei brukt den siste veka i sommarferien på å segle og lære om miljøproblema – og løysingane – i Oslofjorden.

– Vi har segla på Oslofjorden og lært om han, fordi det er ei så viktig miljøsak. Oslofjorden er eit økosystem som har kome i ubalanse, fortel Ylva.
Eit økosystem er alle levande vesen som finst på ein stad og som er avhengige av kvarandre.

For mykje lurv
Ylva og Mikael forklarer at ein av grunnane til at fjorden er i ubalanse, er at det har blitt for mykje næring.
– Nedbørfeltet til Oslofjorden strekkjer seg utover store område av landet. Til dømes vil regn som kjem så langt nord som i Røros renne ut i Oslofjorden. Dette er fordi elva Glomma tek med seg vatn heilt frå Røros og ut i fjorden, forklarer Ylva og held fram:
– På vegen tek dette vatnet med seg gjødsel frå gardar. Det er til dømes denne gjødsla som har gjort Oslofjorden næringsrik og som igjen har gjort at lurv veks og trivst i fjorden.

Lurv er eit fellesnamn for ulike algeartar som er forma som mjuke, tynne trådar. All lurven i Oslofjorden har gjort det vanskelegare for andre artar å leve i der. Dermed blir det mindre biologisk mangfald.
– Biologisk mangfald er viktig for at det skal vere eit fungerande økosystem. På den måten kan mange forskjellige artar leve godt. Om det er ein art som tek over, slik som lurven, blir det eit veldig daudt økosystem, fortel Ylva.

Torskebarnehagar
Mikael fortel vidare at ålegras, som gjerne blir kalla torskebarnehagar, er ein veldig viktig plante som veks på havbotnen i Oslofjorden.
– Vi treng ålegras i fjorden. Det er nemleg ein veldig bra gøymestad for små, unge torsk. På denne måten kan dei trygt vekse opp utan å bli ete av annan større fisk. Men no har lurven teke over så det ikkje er like mykje ålegras lenger, forklarer Mikael.

I tillegg til mindre ålegras, fører fiske til at det er mindre torsk i Oslofjorden. Mikael og Ylva meiner det i større grad bør bli ulovleg å fiske i fjorden.
– Det har allereie blitt strengare å fiske i Oslofjorden. Dette har rett nok gjort at fiskarar mistar arbeidsplassen sin. Det som likevel er fint, er at det har kome ei løysing der fiskarar kan jobbe med å fiske opp teiner. På den måten er dei med på å rydde opp og gjere fjorden friskare, forklarer Ylva.
Teine er ein reiskap som blir brukt til å fange fisk, hummar, krabbar og kreps.

Har trua på Oslofjorden
Både Mikael og Ylva har trua på at Oslofjorden kan reddast.
– Det er håp for Oslofjorden dersom flest mogleg får informasjon og høyrer om kva som skjer, og om alle jobbar saman for å hjelpe fjorden. Vanlege folk kan gjere så enkle ting som å plukke søppel langs fjorden, rår Mikael.
Ylva meiner det er viktig at færre bygger og driv med aktivitet som forstyrrar livet i havet, langs kysten.
– Utbygging av brygger og strender kan gjere at det for eksempel blir mindre ålegras i fjorden, seier ho.

Dei to seglturdeltakarane håpar at Oslofjorden med godt samarbeid vil sjå annleis ut når dei er vaksne.
– Då håpar eg at fjorden er full av masse liv igjen, at all torsken kjem tilbake og at det ikkje lenger er så mykje lurv. Eg håpar det er balanse, seier Mikael.
Nattsegltur og snorkling
Seglturen med Svanen har ikkje berre dreia seg om utfordringar og løysingar på miljøproblema i Oslofjorden. På turen har deltakarane fått nokre uforgløymelege opplevingar.
– Det aller kulaste med seglturen har vore å lære og heise segl. Vi har også lært mange ulike knutar, fortel Ylva.

Det aller finaste augneblikket opplevde ho rett nok under nattsegltur.
– Ei av nettene var vi ute og segla på sjøen. Det var store bølgjer, stjerner på himmelen og sjølvlysande algar i vatnet. Det var heilt idyllisk.
Den gøyaste opplevinga for Mikael var å dykke og få sjå livet under havoverflata. Samstundes har han kvar dag kosa seg med å berre kunne sjå utover havet.
– Det er fint å sjå havet på ein annan måte enn ein ville sett det på ein skjerm, seier Mikael.
– Denne seglturen har vore ei episk avslutning på sommarferien, avsluttar Ylva.























